Ebba Hermann Fossli har lenge vist seg som ein særs lovande musikar. Både talent og mykje øving ligg bak dette. Sist helg var ho i Bergen og prøvespelte med tanke på opptak i Hordaland Ungdoms Brassband (HUBB). Ikkje overraskande på oss som har høyrt den lovande jenta, kom ho gjennom det trange nålauget slik at ho frå hausten er ein del av dette gode kretskorpset.

Det var ei spennande helg for Ebba. Ho oppdaga invitasjonen og melde seg på berre ei veke før, og dermed blei det ei hektisk veke der 3 til dels særs vanskelege pliktnummer skulle perfeksjonerast. Representantane frå HUBB var så godt fornøgde med framføringane, at Ebba no kan gjera seg klar til si første øvingshelg med HUBB 19.-21. september. Det er ei tydeleg glad Ebba vi møter når vi gratulerer henne med dette.

Ebba er ei svært aktiv jente innan fleire felt der musikken har tatt meir og meir tid dei siste åra. Ho starta på kornett i Uskedal Skulemusikk for om lag 7 år sidan. I tillegg til at ho no vekslar med å spela kornett, flygelhorn og althorn etter behov i skulemusikken, sit ho på solokornett i Rosendal Musikklag der ho er inne i sin tredje sesong. I tillegg er ho svært grei og hjelper Uskedal Musikklag ved behov. Ho er elev i kulturskulen både på kornett og piano. Dessutan har ho fleire somrar delteke på NMF sine gode sommarkurs.

HUBB starta opp i 2005, og vart drive av eit styre med Ole Johan Aarlie og Kjersti Pisani som entusiastiske drivkrefter. Uskedal Skulemusikk har hatt fleire medlemmer i korpset. Vegard Døssland vart første kvinnhering, og truleg første sunnhordlending, då han kom med etter prøvespeling på Askøy i 2007. På den tida var medlemmene i hovudsak frå korspsbastionane Nordhordland og Bergen. Han var med til han nådde aldersgrensa på 20 år, Ja, han vart faktisk henta tilbake som solist til markering på tusenårstaden Gulatinget i 2014. Seinare blei den sørlege delen av krinsen betre representert. Fleire frå Uskedal Skulemusikk blei og med. Sindre Aksnes (slagverk) og Birgitte Hjelmeland (althorn) hadde fleire sesongar i korpset, og i tillegg var både Eirin Rørheim Kjærland (kornett), Lene Storevik Myklebust (baryton) og Kaja Døssland (kornett) med på nokre samlingar med korpset. Korpset hadde og fleire samlingar i Kvinnherad, både i Rosendal og her i Uskedalen.

Uskedelingar på HUBB-samling i Uskedalen i 2011. Birgitte Hjelmeland(f.v.), Kaja Døssland, Lene S. Myklebust, Vegard Døssland og Eirin Rørheim Kjærland. Sindre Aksnes var også med på samlinga.

Etter vanskeleg tid i koronaperioden, kom meldinga frå Ole Johan Aarlie, Kjersti Pisani og resten av styret at korpset måtte leggjast ned i februar 2021 etter vel 15 års drift. Heldigvis reagerte Eikanger Bjørsvik Musikklag raskt. Same månad tok dei på seg vidare drift. No er det prøvespelingar, svært høgt nivå og i år skal dei representera Norge i EM for brassband, ungdom.

Vi gratulerer Ebba, og ønskjer ho lukke til. Dette håpar vi vil inspirera fleire, og trur fleire frå skulemusikken kan følgja etter.

Det er mykje kjekt stoff om korpset på facebooksida deira.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Ola Matti Mathisen