Den årlege dyredagen gjekk av stabelen på Uskedal skule i dag. Elevane hadde med dyra sine på skulen. Nokre hadde lånt seg eit dyr. Det kan vera både kjæledyr og husdyr. Dyredagen er alltid like populær og elevane kosar seg med å få stilla ut og fortelja om dyret sitt. I tillegg til mange kattar og hundar, finn vi mus, hamster, lam og kalv på lista. Toppbilete syner Christoffer med hunden Bono.

Aurora og Madel med to kalvar frå Haugland.
Albert hadde med kalven sin på dyredagen.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Mona Vetrhus