Dugnadsgruppa pynta opp ved Julagrano.
Dugnadsgruppa gjer svært mykje godt arbeid for bygda. I dag var fem av den gode gjengen, Steinar Kroka, Lars Myklebust, Tore Nordal Pedersen, Knut Steinsletten og Kurt M. Haugland, i arbeid ved Julagrano. Greiner nede mot bakken blei kutta og kjørt vekk, sekkevis med kongler og ymse boss blei raka saman og plukka i sekker. Eigentleg burde vi presentert før og etter bilde, for arbeidet viste verkeleg igjen.
– Dette blir jo aldeles strigla, kommenterte underteikna.
– Ja, det der vel det som var meininga, repliserte Steinar Kroka lett, og det var tydeleg at arbeidet gjekk med liv og lyst trass i at det var uvanleg fråvær denne dagen. Mange var nemleg av garde og sikra seg den tredje dosen med covid19-vaksine. I gjengen på 5 var det også ein som hadde blitt vaksinert tidlegare på morgonen, medan fleire skulle få sprøyta etter at dugnadsøkta var avslutta.
No er det strigla og fint til Julagrano skal tennast i morgon, fredag, kl.17. Då stiller også “nissane” i veteranbandet med julemusikk.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland