Dugnadsgruppa med mange gjeremål sorterer organisatorisk under Uskedal utvikling. Sidan oppstarten har dei teke på seg mange oppdrag, alt frå rydding av stiar til bygging av gapahukar. Pål Haugland la fram ei omfattande melding for 2023 på årsmøte sist sundag. Vi tek med det meste her.

  • Rydda og utbetra stiar på fjellet – Fagerlia og på Klepp
  • Rydda arealet som no er parkeringsplass ved Heiabrua
  • Utbetra og tetta gapahuken på Flåtene
  • Vaska og målt trappa og eine veggen på Gamleskulen
  • Vaska og målt deler av Kyrkjegardsgjerde
  • Utført ymse oppdrag på Stemneplassen
  • Utbetra tette renner på Aktivitetshuset
  • Rydda og laga betrte lager i Aktivitetshuset
  • Utført ymse arbeid på Bygdetunet Rød og på Haugland skulemuseum
  • Har vore på fleire synfaringar for å gjera klart for nye prosjekt i 2024
Utan mat og drikke, duger helten ikkje.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto