Dugnadsgruppa var samla til planmøte i går kveld, i eit maritimt miljø og med fiskesuppe på menyen. Ein av dugnadsleiarane, Audun Eik, inviterte til samling på naustet på Eikelandet. Per Korsvold frå Aktivitetshuset og rulleparken var med på møte. Han informerte mellom anna om prosjektet Tak øve håve og betre lys ved Pumptracken. Eit anna nytt tiltak kan vera rydding i strandsona i område nedom skulen, etter nærare avtale med grunneigar.

Pål Haugland presenterte gode tiltak som gjer det meir triveleg å bu og feriera i Uskedalen.

  • Rydda stiar og reparera bruer, mellom anna stien til Såto, stien frå Fjelly mot Botnane og rundt Vatnastølsvatn, i lia i enden på Muslandslio fram til gamle stølstufter
  • Restaureringsarbeid med nytt slåk på kverna på Bygdetunet Rød
  • Hjelpa til på Festidalen med rigging
  • Hjelpa til med reingjering og måling av kyrkjegardsgjerde
  • Gapahuk i enden på skogsvegen på Døssland/Feet
  • Få gjerde på plass att på Haugland skulemuseum
  • Få på plass ein sti/turveg, avstikkar frå vegen til Kalkstasjonen, mot sør og fram til skulemuseet.
  • Førefallande arbeid på Stemneplassen
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal