På årsmøte i Uskedal Utvikling presenterte Steinar Kroka ei liste som syner alt det samfunnsnyttige arbeidet Dugnadsgruppa har gjort sidan oppstarten i 2019. Det gjeld større prosjekt og andre vedlikehaldsoppgåver. Bilete på topp er frå ein matpause i Aktivitetshuset i november 2021.

Pål Haugland er leiar i Dugnadsgruppa. Bilete er frå eit arbeid i Aktivitetshuset.


Større ting 2019:
Oppfreshing rundt kunstgrasbane (600 t)
 Laging av reisverkemne til gapahukar påbyrja (600 t)
Strøting:
 Stirydding diverse stader (grøfting og steinsetjing)
 Andre strøting med gjerde, pynting i bygda


Større ting 2020:
 Gapahukar Flåtene og Klepp (vidare i 2021) (500 t)
 Påbygg (vedbu) Fjelly (200 t)
 Skilt til stigar rundt om + oppsetjing (150+ t)
Strøting som 2019

Dugnadsgruppa har engasjert seg i og skapt merksemd rundt forfallet på Bygdetunet Rød.


Større ting i 2021:
 Gapahukane (ferdigstillingshøgtiding på Klepp 9/9) (400 t)
 Heio – garderobebygg, kanting løpsbane, støttemur vestsving (500 t)
Rikeleg med strøting – mellom anna opprusting av bygget på Stemneplassen, rydding/reinsking Stemneplassen, veding på Fjelly (vår), meir opprusting av sti mot Fjellly


Større ting 2022:
 Rødtunet, tak på hovudhus og uthus (600 t)
 Fronting av sak: ″Offentleg ansvar for fornminne – Rød″
 Opprusting Vonheim (100 t)
 Idrettshallen – sterkt vedlikehaldstrengande både ute og inne (500 t)
Strøting som 2021

Gapahuken på Flåtene er eit mykje brukt turmål. Dugnadsgruppa har mykje av æra for det.


Større ting 2023:
 Idrettshallen – framhald (300 t)
 … (enno uavklara)
Strøting vert nok som i 2022

Det har heile tida vore mellom 4 og 12 mann på dugnadane, som varar frå 09:30 til 13.00 (pluss eller minus etter som det høver til det me held på med). Stort sett har det vore ″ferie″ i januar, og i sumartid mellom midt juni til august. Det har vorte laga blest kring forfallet på Rød på to måtar: Grenda har skrive mykje om saka, og det har vorte teke kontakt med Fylkesforvaltaren, som har gjeve pes ovanfrå til kommunen som eigar og ansvarleg. Pål har vore ein sentral mann ved den formelle oppfylgjinga. På Rød står det att å laga nytt slok til kverna. Elles står gruppå klar til å hjelpa fagarbeidarar med handlangingsarbeid ved restaurering av
tak.


Idrettshallen har gjennomgått litt av kvart: Golv i styrkerom er fornya, dei fleste kott/siderom er utstyrte med hyller og knaggar. Foajéen har fått ei knaggrekke, minikjøkkenet har vorte opprusta med hyller og stengeluke. Premieskåpa er reparert og innhaldet er rydda i – nokre bilete og diplom er hengt over på list. I sjølve hallen er naudljos fiksa, opne hol i vegg har fått rister, slik at ballar på avvegar ikkje hamnar inni. Dører er retta på hengsler og ei dørlist er fornya i veggmåleriet av Gaute Haugland. Lista er restaurert motivmessig av kunstnaren sjølv. Det er laga hol og sett inn ei luke på veggen bak, over amfiet. Gruppa står også her klar til å vera med
som handlangarar ved skifting av ljosarmatur i taket.


Stigen opp frå Kleivadalen har fått god opprusting med rydding av rask etter hogst, legging av heller div. stader og drenering (200 t.).

Tekst: Dugnadsgruppa
Foto: Arkivfoto
Nett: Kristian Bringedal