Dugnadsgruppa stiller med folk, men det trengs fleire.

Dugnadsgruppa (seniorgruppa) har tidlegare vaska deler av kyrkjegardsgjerdet (bildet over), og det var i utgangspunktet meininga at dei ikkje skulle stå for malinga då dei har mykje anna arbeid på blokka. Likevel har dei no funne ut at dei vil hjelpa til, og dei tar derfor ein ekstra dugnadsdag komande veke. Mandag stiller ein del av gruppa opp, og dei håpar at dei får med seg ein god del fleire på denne jobben som passar godt for både kvinner og menn. Derfor er oppfordringa:
Kom på dugnad for å mala kyrkjegardsgjerdet på mandag. Oppmøtet er ved Gamleskulen kl. 09.30.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto: Kristian O. Bringedal