DUGNAD I FJELLHAUGEN!
Det nærmar seg vinter igjen og det er diverse førefallande som må gjerast i Fjellhaugen før ny sesong. Søndag 8.november KL 11.00 får du mulighet til å være med å bidra på å klargjere skisenteret.
Det nærmar seg vinter igjen, og vi håpar på ein betre vinter enn det vi har hatt i det siste! Det er diverse førefallande som må gjerast i Fjellhaugen. Vi kallar difor inn til dugnad på søndag kl 11. Kor mykje ein får gjort denne dagen, kjem ann på kor mykje folk som kjem.
Det som står på lista er blant anna: Rydding inne og ute. Gå over medbringarar. Få oversikt over kva vi har/kva vi treng. Rydde kratt/gras/buskas i lysløypa. Rydde i tidtakarbua og meir. Driftsleiar Andreas Hjelmeland, Per Korsvold og Kjetil Mehl organiserer.
Ta gjerne med ryddesag, om du vil ut i løypa! Så her er oppgåver for heile familien! Det vert gratis parkering for alle denne dagen. Håpar mange tek turen denne søndagen.
Tekst/nett: Per Korsvold/Marianne Korsvold Foto: Arkiv