Dugnad gjennomført
På duganden i aktivitetsparken laurdag formiddag, fekk dei framøtte gjennomført eit godt stykke arbeid. Arbeidsgruppa vil retta ein stor takk til deg som møtte opp og tok i eit tak.

Det vart gjennomført vedlikehald på Pumptrack, klartrepark, kunstgrasbane, ballbinge, mål, fotballbuo og på bord og benker. Eit lite knippe folk stilte opp, samt nokre jenter frå damelaget til Rosendal turnlag.
Ein stor takk til Gunn Mari og Spar for påfyll av forfriskning. Og takk til Karin Tungesvik som stilte med kake, boller med meir. Med sol og fine forhold vart det ein kjekk dugnad.

Vi kom ikkje i mål med alt. Det er framleis ein del småting som må gjerast. Så dersom du ikkje hadde anledning til å stilla på laurdag, men har lyst å være med å bidra, er det berre å ta kontakt med Per Korsvold.

Foto: Per Korsvold Tekst/nett: Marianne Korsvold