I dag er det mogeleg å få vaksine mot covid19 i Rosendal samfunnshus. Det er drop-in vaksinering, og tilbodet gjeld personar som er over 18 år, og har meir enn 20 veker sidan dei tok 2. dose. Vaksineteamet er klare til å ta i mot personar i denne gruppa mellom klokka 12 og 15.30. Det er viktig å nytta seg av dette tilbodet. I går var dei på Husnes, og då melde dei om lite oppmøte på føremiddagen kommunen si heimeside.

Elles nemner vi at det var 14 nye smitta i Kvinnherad i veke 51, og 11 tilfelle i veke 50. Tredje juledag blei også første tilfellet av omikronvarianten registrert i Kvinnherad.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Jorunn Larsen/Grenda