Johanna Fjellandsbø vart i dag døypt i Uskedal kyrkje. Dåpskjolen har vore brukt i slekta sidan tippoldefar Jon Kristoffersen vart boren til dåpen. Johanna er fødd og veks opp på Fjellandsbø, gardsbruket øvst og lengst inne i Uskedalen. Familiegudstenesta samla mykje folk i kyrkja i dag. Dåpen gjorde sitt. I tillegg kom utdeling av bok til 4 og 6 åringane, Dvd til 5 åringane. Bilete syner dåpsforeldra Ingvild og Jone saman med dåpsbarnet Johanna med etternamnet Fjellandsbø. Guten i bunad på bilete, Leif Edvin Kjærland Kaldestad, høyrer med i dåpsfylgje.

Ikkje alle, men dei fleste 4, 5 og 6 åringane, som møtte fram i kyrkja, med bok eller Dvd.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal