Diktskriving - del 2.
Her kjem del av to frå diktskriving med tema Påske på Uskedal skule. På bilete ser vi f.v: Runa, Arn og Iver. Ole Johannes var ikkje med då bilete vart teke.
Et triks.
Prøv å holde hodet
sånn at nebbet
kan hvile i hånda di.
Da sovner den
med en gang.
Det er hyggelig.
Iver, 6. klasse, Uskedalen skule
I påsken skjer det mange mirakel.
Påskeharen kikkar fram med påskeegg til store og små.
Noko av det beste med påske er å sitta med eit lam på fanget.
Lammet heiter Liva Olivia og drikk tåteflaske på skrå.
Runa, 7. klasse, Uskedalen skule
Eg gleder meg til sommaren, for då skal eg begynna i 7. klasse.
Men før det kjem påske, då skal eg gå på påskejakt hos bestemor og bestefar.
Og eg veit kven som er påskeharen.
Eg såg bestemor gøyma påskeeggene, men eg sa det ikkje til dei andre.
Arn, 6. klasse, Uskedalen skule
Eg fann eit påskeegg i ein tilhengar i Finnmark.
Påskeharen finns ikkje, trur eg.
Kvifor skule det vera ein hare?
Kvifor ikkje ein elefant?
Ole Johannes, 5. klasse, Uskedalen skule
Tekst/foto: Uskedal skule Nett: Kristian Bringedal