Mona Vetrhus sitt dikt Hjorten klør i geviret frå samlinga Nokre gutar kjem ikkje heim i kveld ( Oktober forlag 2012 ) er plukka ut og teke med i antologien Eg vil vera her. Dikt til trøyst av Olaug Nilssen. Diktet er også DT-diktet denne veka, baksidediktet i den nynorske vekeavisa DAG OG TID. Mona Vetrhus ( f. 1975 ) budde ei tid i Oslo før ho flytta attende til heimbygda Uskedalen. I dag har ho arbeidet sitt på Uskedal skule. Ho har vore programleiar for Diktafon i P2.

Olaug Nilssen frå Førde debuterte med romanen Innestengt i udyr ( 1998 ) og har seinare skrive mange bøker, både prosa og lyrikk. Ho har vore bokmeldar og hatt faste litteraturspalter i ulike aviser. Nilssen var festspeldiktar under Dei nynorske festsplea 2006. Det heng høgt i å bli plukka ut med dikt i antologi som Olaug Nilssen redigerer. Mona Vetrhus er mellom dei utvalde.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal