Liv Astrid & co serverer god heimalaga middag i Gamleskulen.

Torsdag 21. mars er den populære Bygdakafèen tilbake i Gamleskulen i Uskedalen. Som tidlegare er det Liv Astrid Myhre & co som kokkelerer og rører i grytene. Det er garanti for at gjestene får eit særs godt middagsmåltid til ein rimeleg penge. Tidlegare var desse kafèdagane svært populære med godt oppmøte frå heile Kvinnherad. Vi håpar at frammøtet blir godt denne gongen og. Det er den beste søknaden gjestene kan levera for at det skal bli fleire slike gode, kjekke og sosiale kafèmiddagar.
Kafèen opnar kl.13 og menyen er krema kyllingsuppe med focaccia. Desserten er ikkje bestemt i skrivande stund, men sjølvsagt blir det noko godt etter suppa. Vi håpar også at mange deler dette kjekke tiltaket på facebook. Det er ein flott dugnadsinnsats som blir gjort, for inntekta går i sin heilhet til Uskedal Utvikling!
Det fortener verkeleg applaus!!

Truleg blir det mange som vil nytta muligheten til eit godt middagsmåltid denne gongen og!
Tekst, nett og arkivfoto: Thor Inge Døssland