Saka gjeld utlegging høyring og offentleg ettersyn Detaljregulering for del av 123/18, 169 med fleire- Aktivitetshus og park i Uskedalen sentrum. Etter innstilling frå Kommunedirektøren har Plan- teknikk- og miljøutvalet i Kvinnherad gjort vedtak om at reguleringaplanen vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn. Siste revisjon av plankart, føresegner og planomtale er datert 05.10.23. Uttalefristen skal vera minst seks veker. Administrasjonen får fullmakt til å gjera tekniske og visuelle endringar i plankart, føresegner og planskildring før utlegging. Endringane skal ikkje endra innhaldet i planen.

Skisse med motiv frå Sandakaien.


Før endeleg planvedtak (2. gangs behandling) må det gjerast nokre endringar i føresegn, plankart og planskildring.
• Målform skal endrast til nynorsk
• Føresegner må settjast opp etter malen for føresegner. Det må visast til rett heimel konsekvent for kvar føresegn.
• Det må takast ut or planskildringa at planen ikkje inneheld rekkefylgjekrav
• Det må føyast til rekkefylgjekrav for opparbeiding av parkeringsplass, gangveg og endra tilkomst. Det skal vera krav til universell utforming
• Føremålet o_FL må endrast frå LNFR-friluftsområde til grønstruktur- friområde/park.

Konsulentfirma Civitas as og Lala Tøyen har laga planen etter oppdrag frå Uskedal Idrettslag og Kvinnherad kommune. Oppstartmøte var 13. mai 2020. I planprosessen har det vore medverknadsmøte med frammøe frå naboar, fleire lag og organisasjonar og enkeltpersonar.

Det føreligg merknder og kommentarar frå offentlege instansar, naboar og privatpersonar. Kommentarane går mellom anna på:

  • Arealbruk
  • Trafikk – parkering
  • Natur- og kulturmiljø
  • Landskapsverdiar
  • Friluftsliv og strandsoneproblem
  • Tilkomst og vegrettar
  • Jordvern

Det er ein omfattande plan som krev ei grundig gjennomlesing. Uskedalen.no vil koma tilbake med meir detaljar seinare.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Faksimile frå plandokumentet