Nokre gonger i året er det Uskedalen sin tur til å underhalda og styra Syng med oss på Rosendalstunet. Ei slik stund var i dag. Uskedal helselag hadde med heimebakst og stod for all servering. Veteranbandet Uskedal musikklag presenterte eit variert og allsongprega program. Med ei fullsett kantine og dagstove vart det på alle måtar ei triveleg stund. Arrangøren måtte henta inn fleire stolar og det var ikkje nok årar til alle som ville vera med på loddsalet. Neste stopp på musikklaget sin turneplan er Optimisten på Halsnøytunet, onsdag i neste veke. Helselaget er tilbake på Rosendalstunet i mai månad. Då er det Rustne Menn som står for musikken.

Uskedal helselag hadde med heimebakst og stod for all servering. F.v: Anette Sund, Klara Bakke, Marit Hauge, Jofrid Eik og Arnhild Myklebust.
Tekst/foto/nett:Kristian Bringedal