" Det lysnet i skogen " på Haugland skulemuseum.
Jørgen Moe skreiv teksten til Det lysnet i skogen, til tone av Sigurd Innlandsmoen. Teksten kjem fram når vi stig inn på den gamle skuleplassen på Haugland. Etter faglege råd frå Vestlandsarboristen Bratseth vert det hogge og tynna i den tette skogen. Plassen har vore planta med gran, bøk og lerk. Grantrea er hogstmogne. Ei større lerk var roten og klar for felling. Deler av treet skal på sag for oppskjering til nytt slåk på kverna på Bygdetunet Rød.
Det er utført felling ut frå ei totalvurdering. Nokre grantre langs gjerde mot elva skal også fellast. Nokre bøketre skal stå. Her skal trepleiar inn for å fjerna daude greiner og retta opp i svake greinfeste og skader.
Det er skogsentreprenør Vaage saman med Steinar Haugland som gjer jobben på Haugland.
Det er den same arboristen som har vore konsulent på fellinga av to større bøketre på Rød, i tillegg til trepleie på den freda eika.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal