Det lovar godt for Bygdadagen LivOGLyst, laurdag 26. august kl. 11 - 14.
Det lovar godt for bygdadagen LivOGLyst komande laurdag ved Aktivitetshuset og Kunstgrasbane. Her finn du ein oversikt over deltakarane:
- Atle Fredheim – pussing av sølv
- Skulemusikken – prøvespeling av instrument
- LivOGLyst – natursti
- Aktivitetshuset – ope styrkerom
- Spar – konkurranse, smaksprøve
- Br. Hjønnevåg – har med eigen disk, smaksprøvar
- Idrettslaget – ulike aktivitetar
- Helselaget – verving av medlemmer, utdeling av informasjon
- Soknerådet – stand, maskoten til barnekoret, teiknestasjon
- Ungdomslaget/ Fjelly – bålpanna, sal av lappar, kaffi, saft
- Selstad – viser notbøting, informasjonsskjerm
- Friluftslaget – biletpresentasjon, vedlotteri, auksjon på stol og skål laga av Gunnar Haugland
- Historielaget – førehandssal av komande bok i serien “Den nære fortida” til redusert pris. Prosjektet om utvandringa frå Uskedalen til Amerika. Salg av bok nr.1 som kom ut i fjor.
- Musland maskin – har med køyretøy
Melding til dei som er påmelde om at det finst bord og stolar i aktivitetshuset som kan nyttast. Om det ikkje er meldt frå om anna, tek ein utgangspunkt i at de har med dykk det de treng av utstyr til standen.
På fredag mellom kl. 18-19 og frå kl. 09.45 på laurdagen vert det mogleg å rigga seg til.
Program for dagen:
11-14: Bygdadag.
11:30: Musikantar spelar
12:00: Opning av pumptrack
Vi ser fram til ein kjekk dag!
Tekst/foto: Prosjektgruppa Nett: Kristian Bringedal