Torsdag 22. desember var det solsnu eller vintersolkverv som det også vert kalla. Det er den dagen i året då sola står lågast på himmelen midt på dagen. Vintersolkverv er den myrkaste og kortaste dagen i året. No er det berre å sjå fram til ljosare og lengre dagar. Diktet Solkverv av Per Sivle er henta frå samlinga Bersøglis og andre Viser frå 1895. I utdrag lyder det slik: – Men so fekk me solkverv innunder jol. Og joli ho kom med aukande sol. Det ljosnar, det ljosnar kvar evige dag. På Fjellandsbø og søre Musland er det sol heile året. Ein solglytt er det også på Kjærland. Deler av Skorpo har også sol. Vi andre må venta enno nokre veker før vi ser i sola. Men, som Per Sivle seier: Det ljosnar, det ljosnar kvar evige dag.

På søre Kjærland er det ein glytt av sol, sjølv om bilete ikkje syner det her.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal