Uskedalen er inne i ei aktiv veke med mange trim- og friluftsaktivitetar. Det heile starta med sykkelrebus på 1. mai. I morgon, torsdag kl. 17.00, er det Helselaget sin tur med Aktivitetsdag på Kunstgrasbanen. Sundag 7. mai kl. 17.00 opnar Uskedal Friluftslag turvegen på Stemneplassen og i Skårhaug. Det er truleg ein av dei minste toppturane i landet, 49 meter over havet, ein tur på 1,1 km., dersom ein startar ved Grano og tek rundturen rundt Skårhaug. Med andre ord: Det er berre å finna fram turskoa, koma seg ut og ta del i dei mange og variert tilboda vi har i Uskedalen.

Opning av turvegen på Stemneplassen og i Skårhaug, sundag 7. mai kl. 17.00
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Plakat/ Kristian Bringedal