Då er julebukkane på vegen og bankar på dørane i Uskedalen. Ta godt imot dei, syn interesse og la dei få bera fram innslaga sine med song og andre påfunn. Uskedalen.no legg ut så langt vi maktar. Send oss bilete, helst i liggjande format. Dei fleste bileta her er frå Korsneset. Nokre frå Musland. På søre Musland har det til no( kl. 18.30 ) vore 8 julebukkar. Redaksjonen har diverre ikkje brukt tid på å laga bilettekstar. Det var for travelt.
I Korsnes har det som vanleg vore mange julebukkar. Dei er alle både høflege og flinke å syngja. Veldig kjekke besøk!!! Så flott at denne tradisjonen blir halden så godt ved like.

Foto: Møyfrid Kristoffersen.
Foto: Møyfrid Kristoffersen.
Tekst/foto/nett: Thor Inge Døssland og Kristian Bringedal