Den store julestjerna er på plass i utmarka til Frode Stensletten på øvre Feet. Stjerna står no i underkant av snuplassen til skogsvegen. Live Stensletten frå Fet og søskenbarnet Oda Haugland Langeland frå Sandvoll stod for tenninga. Elles er stjerna og installasjonen den same som i fjor. Kurt fortel til uskedalen.no at dei har brukt batteri på 24 Volt og 7 Amper/Timar. Batteriet må bytast ein gong i veka. Lysa er vanleg LED lyslekkje kjøpt på Clas Ohlson, men tilpassa bruken på 24V.

Det er i overkant av 70 lysdiodar montert på ei treramme. Dei lyser ikkje så veldig sterkt. Dersom ein hadde vald sterkare lysstyrke, hadde det gått utover tida det lyste før ein måtte byta batteri. Stjerna er ca 2,5 meter i diameter.

Dersom du har eit godt kveldsbilete av julestjerna, send til uskedalen.no@gmail.com. I den tida det er skogsdrift, er det ikkje lov å gå i område.