
Den store dugnadsmånaden med klargjering til Frigjeringsdag, 17. mai og til sommarsesongen.
Mai er den store dugnadsmånaden med klargjering til nasjonale dagar og til sommaren. Sist laurdag var det dugnad i båthamna. Det er gjort mykje godt arbeid i og utanfor Helgheim, det same med Gamleskulen. Velforeingar og sameige kallar inn til dugnad i desse dagar. Geilo Vel skal ha sin dugnad komande onsdag.

Uskedal Friluftslag samla heile 14 frivillige i kveld til klargjering av Stemneplassen til Frigjeringsdagen 8. mai og til Nasjonaldagen 17. mai. I underkant av to timar fekk ein gjort mykje godt arbeid:
- Vask av vindaugo ute og inne
- Raka og køyrde bort lauv, kvist og anna rask
- Sopa vegen og den nye parkeringsplassen for strøsand
- Kantslått under benkene og i skåningane rundt amfiet
- Vask og reingjering av Krigsminnesmerke.

Det neste no er å raka ut mold før såing og tromling i grensa til naboane Anne Guri Kildal og Affi Eidsvik. Her skal det også plantast ein hekk. Molda er på plass. Vått ver i dag gjorde at nett dette arbeidet vart utsett.
Styret v/ Jofrid Eik og Åse Neset sytte for kaffi og Brannkake.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal