Den populære helselagbasaren samla som vanleg mykje folk.
Uskedal Helselag sin årlege basar er alltid like populær. I år var basaren flytta frå kjellaren til salen oppe. i Helgheim. Det er godt frammøte med gjester frå fleire bygder. Det var som vaneg fire omgongar med åresal der kvar åre kosta kr. 10,-. Så var det ein omgong der kvar åre kosta kr. 20,- Til slutt var det trekking på loddbøkene.

Helselaget legg ned eit stort og omfattande arbeid med førebuing og gjennomføring av basaren. Tenk berre på alt arbeidet med å skaffa gevinstar, loddsal med stand ved SPAR og sjølve tilskipinga der det også er gratis kaffi og kaker.
Meir om resultatet kjem seinare.
Vel blåst !
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal