Ny levering til Norli på Husnes i dag.

Sjølv om jula er forbi og Uskedal Historielag si bok “Den nære fortida” var ei populær julegåve, har salget av den lokalhistoriske boka slett ikkje stoppa opp. I dag var skriftstyret med ein ny leveranse til bokandelen på Husnes, Norli. Det er den fjerde leveransen dit. På bildet ser vi Rigmor Rasmussen som nett har tatt imot bøkene.
Skriftstyret er svært fornøgde med salget og mottakinga av boka, og kanskje endå meir glade for at dei auka opplaget monaleg i løpet av prosessen med boka. Viss ikkje, hadde lageret for lengst vore tomt.
No er det berre ei einsleg eske igjen på lageret i tillegg til at det er nokre bøker hos medlemmene i skriftstyret. Ved oppstarten av salget hadde denne eska selskap av 14 andre kartongar.
Boka er framleis å få kjøpt hos Spar Uskedalen i tillegg til Rosendal Bokhandel og Norli på Husnes. I tillegg kan den kjøpast hos medlemmene i skriftstyret. Då må den betalast med vipps (76 38 03, Uskedal Historielag) eller kontant. Den kan også sendast på same vilkår som tidlegare.

Arbeidet med komande bøker i serien er svært godt i gang. Skriftstyret og historielaget er svært interesserte i både tips, innspel og å få låna bilde for skanning. Det er svært viktig for at bøkene skal bli så gode som ønskjeleg. Vi kan i alle fall lova at det blir minst to bøker til i serien.

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland