Gode tilbod på alle tidlegare utgjevingar.

Bøkene til Uskedal Historielag har blitt svært populære, og mange har nytta høve til å kjøpa dei som kjærkomne julegåver. Den nye boka er no å få kjøpt på Spar Uskedalen i tillegg til Rosendal Bokhandel og bokhandelen Norli i Husnes Storsenter. Skriftstyret blir også å treffa på stand eit par gonger.
Sjølvsagt kan ein også få kjøpt bøker ved å kontakta ein i skriftstyret (tlf. 932 88 237). Det er svært gode tilbod på dei tidlegare utgjevingane. Prisane og betalingsmåtar finn de nedanfor.

Hos Rosendal Bokhandel kan de sjølvsagt få kjøpt Uskedal Historielag sine lokalhistoriske bøker.
Hos Norli i Husnes Storsenter har dei også bøkene.
  • Hos bokhandlarane: vanleg handel.
  • Spar Uskedalen: Vipps til 76 38 03, eller kontant så sender dei hyggelege tilsette pengane vidare til historielaget.
  • Skriftstyret/styret: Vipps til 76 38 03, til konto 3207.37.52026 eller kontant.
  • Ved kjøp med vipps eller til konto er det viktig å skriva kva beløpet gjeld. (bok 4, bok 2 eller …..)

Prisar:

  • Den nære fortida 4: 300,- kr.
  • Den nære fortida 2 og 3, tilbod på restopplag: 200,- kr (før: 300,-)
  • Hos Spar og skriftstyret: Utvandrarboka “Med von om ei betre framtid”, juletilbod: 350,- kr (ordinært: 450,-)
  • Medlemmer får eit eksemplar av Bok 4 til medlemspris, 200,-kr. Dette må kjøpast hos skriftstyret.
  • Viss nokon ønskjer bøkene tilsendt, kostar det 90 kr i tillegg (same pris uansett antal bøker). Då må ein hugsa å skriva full adresse og telefonnummer i tillegg til kva bøker kjøpet gjeld. Slike kjøp må gå gjennom skriftstyret, vipps 76 38 03, eller tlf. 932 88 237.

Uskedal Historielag takkar alle som støttar opp om arbeidet, og til alle som kjøper bøkene våre. Vi har hatt ein strålande salgsstart, også denne gongen.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kristian Bringedal og Thor Inge Døssland