"Den nære fortida 4" er ferdig frå trykkeriet.
Tysdag kom dei nye bøkene i Uskedalsserien “Den nære fortida” frå trykkeriet. Trioen Ståle Eik, Bjørn Ove Sunde og Knut Steinsletten var mottakskomite saman med underteikna. Raskt og effektivt fekk dei tre kartongane med bøker inn på lager slik at det blei problemfritt denne regnfulle dagen. Eit raskt gjennomsyn viste ei flott bok med mange gode bilde og interessant innhald. No gler Uskedal Historielag til å presentera boka på boksleppet laurdag 7. november kl.13.

At interessa er stor for boka, viser det gode førehandsalget som har vore til no. Svært mange har alt sikra seg boka. Det går framleis fint å sikra seg boka ved å vippsa til 76 38 03 eller betala til konto 3207.37.52026. Prisen for ei bok er 300 kr. Viss ein er betalande medlem i historielaget for 2026, får ein ei bok til medlemspris 200. Medlemskontingenten er 200 kr i året.
Elles har historielaget framleis litt att av bok 2 og 3 i serien. Dei kan no kjøpast til tilbodspris 200. Utvandrarboka “Med von om ei betre framtid” av Torkel Stensletten kostar 450 kroner. Viss ein ønskjer sending av bøkene, kostar det 90 kr ekstra uavhengig av antal bøker. Ved kjøp på nett er det viktig å oppgje kva ein betaler for.
Dei som kjøper på førehand, får utlevert bøkene på boksleppet og unngår forhåpentlegvis litt køståing.
På sleppet blir det sjølvsagt salg både av den nye boka og tidlegare utgjevingar.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland