"Den nære fortida 3" - siste dagar med sal til redusert pris.
Førehandsalet av den tredje Uskedalsboka har gått særs godt. Mange har nytta høve til å spara ein femtilapp ved å kjøpa boka til førehandspris, 250 kroner. Ja, mange har spara mykje meir ved å kjøpa fleire bøker. Det er tydeleg at dette er ei populær gåve. Kjekt er det også at føretak kjøper inn bøker for å gje til sine forbindelsar.
Siste dag boka blir seld til introduksjonspris er tysdag 15.oktober. Etter det vil den ha same pris som dei to første bøkene, 300 kroner. Både før og etter 15.oktober kan bøkene kjøpast ved å betala til vipps 76 38 03 eller til konto 3207.37.52026 og skriva som melding kva kjøpet gjeld. Bok 1 og 2 kan hentast etter avtale hos skriftstyret (tlf. 932 88 237), og dei kan også kjøpast på SPAR Uskedalen. Bok 3 kan hentast på boksleppet i Helgheim 10.november, eller etter avtale etter det.
Som kjent kan vi også senda bøkene mot eit tillegg på 90 kroner. Dei som ønskje det, må hugsa å skriva fullstendig adresse.Bildet over viser skriftstyret.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Kristian Bringedal