Med ein god del slekt og andre uskedelingar på tribunen tok Harald Nilsen Tangen og Viking sin tredje siger på rad då dei nedsabla Lillestrøm 5-1 på SR bank Arena i går. Harald som er blitt svært sentral på dette gode Viking-laget, spelte nok ein god kamp og scora det viktige andremålet like etter pause. Laget er no på 3. plass på tabellen. Ungguten har slått ut i full blomst denne sesongen. Han får nok ei endå større fotballkarriere enn far hans, Rune Nilsen, hadde i toppfotballen på 70- og 80-talet; – ei karrier som nok var betre enn det mange kvinnheringar er klar over. På bildet over ser vi Harald ved feriebustaden som han eig saman med søskena ved Sandakaien i Uskedalen.

Harald Nilsen Tangen rett før storkampen på lørdag.

Harald Nilsen Tangen er blitt ei svært viktig brikke på årets Viking-lag. Han er den spelaren med flest spelte minuttar på laget i årets sesong. Han har vore delaktig i 22 av dei 23 kampane. Det var berre i 0-1 tapet mot Tromsø på heimebane i tredje serierunde at han ikkje var på banen. Etter det har han storspelt på midtbanen og ikkje sett seg tilbake. Mest alle kampane har han vore på banen i samtlege 90 minuttar. Midtbanespelaren har no scora 5 mål og berre angrepspelarane Veton Berisha og Zlato Tripic har fleire. I tillegg har han fleire assist, og han er ofte tredje sist på ballen, og den som startar angrepa som resulterer i mål.

Harald har fått svært mykje ros for spelet sitt og utviklinga si av såkalla fotballekspertar i fotballsendingar og fotballpodkastar. Han ligg også høgt på dei ulike børsane. Såleis fekk han 7 både på VG-børsen og børsen i Stavanger Aftenblad. “Brilliant nok en gang” var dommen i Aftenbladet. TV-reporter, Petter Bø Tosterud, hylla han også då han gjekk av banen 10 minutt før slutt for å bli spart til Vestlandsderbyet mot Brann i Bergen komande torsdag. Då blir det også slekt og andre uskedelingar på tribunen.

Det høyrer med til utviklinga av denne eminente fotballspelaren at han hadde glede av å dribla mange uskedelingar på baken då han var med på oldboys-treningar på Heio nokre somrar då han var i 13-årsalderen.

Far til Harald, Rune Nilsen, hadde også ei fotballkarriere som få kvinnheringar kan måla seg med. Etter å ha lagt grunnlaget her i Uskedalen saman med gode medspelarar, gjekk han til Bryne, som då var i toppdivisjonen, som 16-17 åring. Der spelte han saman med kjente namn som Rune Ottesen, Arne Larsen Økland og Gabriel Høyland. Med flyttinga i ung alder blei han sentral på to juniorkretslag, først Sunnhordland og seinare Rogaland. Etter nokre sesongar i Bryne, flytta han til Stavanger og melde overgang til SIF. Dei var då på øvre halvdel på tabellen på nivå 2. Den solide midtstopparen hadde ei lang og svært god karriere som kaptein her. Viking la merke til den gode spelaren. Det mangla ikkje på tilbod, men den lojale kapteinen valde å bli i SIF. Det enda forøvrig med at Viking i staden henta velkjende Bjarne Berntsen frå Figgjo, og etter kort tid i Viking var han landslagsspelar.

No er endeleg Rune “i Viking” og føl sonen som truleg er ved starten av ei lysande fotballkarriere. Den starta i SIF, klubben som faren er så glad i.

Harald heldt lovnaden han kom med før kampen.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Foto: Ragnhild Tangen/Thor Inge Døssland.