Knut E. Skåla frå Rosendal valde å vera med på opninga av gapahuken på Klepp sist torsdag. Knut er om fire veker 87 år gamal. Han fekk tilbodet om skyss, men takka nei. Han ville gå opp Hauglandslia og fram til Klepp. Mange kjenner Knut E. Skåla som pedagog og frå arbeidet med kulturminnevern, særleg alt som handlar om kystkultur. Knut har i tillegg til mykje anna vore primus motor i arbeidet med restaureringa av Galeas GURINE og stølstunet Kjeldestøl.

Kona til Knut, Annemor f. Stensletten, kom frå bruk 1 på Steinsletto. Namnet hennar var Anna Else, men gjekk berre for Annemor. Ho var yngst i ein sykenflokk på ni born. Ho døydde for fem år sidan. På Klepp fekk Knut møta nokre frå slekta til Annemor. Dessutan møtte han tidlegare kollega på den skulen han var lærar i mange år, Bringedalsbygda skule.

Knut E. Skåla er tildelt Kongens medalje i tillegg til kulturprisen i Kvinnherad kommune.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Torkel Stensletten