Den blytunge flottøren som var på rek i Storsund og som låg fleire dagar i stranda ytterst på Korsnes er teken hand om og sikra. Det var Bjarne Lilleaas som gjorde eit stort arbeid med å få flottøren på land. Fyrst prøvde han å få gjenstanden på land der den låg, men det mislukkast. Med vatn i flottøren vog den borti i eit tonn. Så henta han jollen og slepte fløttøren rundt Korsnes og inn til naustet sitt. Med vinsj kom den endeleg på land, men fyrst etter at vaieren rauk ein gong. Bjarne Lilleaas, som sjølv er mykje på sjøen, er godt nøgd med resultatet. Som han seier sjølv: No har eg gjort ein stor innsats for skipsfarten og for menneskeheten.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Bjarne Lilleaas