Tradisjonen med Påskefest på Skorpo held fram. I dag på Påskeafta var om lag 200 samla i tunet til Marit og Oskar Langballe til grilling, middag, påskerebus og tur til Skorpefjellet. Då er alle samla, påskegjester i hytter og hus og fastbuande, store og små. Rebusen går ut på å finna Påskeharen. 17 ulike lag med 3 til 12 deltakere på kvart lag var med. Det er premiering etter middagen. På Holmen har dei også ein tradisjon med påskesamling.

Grilling og felles middag er eit fast innslag på Påskefesten på Skorpo.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Reidar Gramstad