Det går slag i slag. Måndag er det utdeling av Folkehelsepris og opning av gapahuken på Flåtene. Dagen etter, tysdag 10. august, skipar Uskedal Friluftslag til den årlege friluftskonserten på Stemneplassen. Dersom det vert regn og dårleg ver, ver arrangementet flytta til Strandstovo i båthamna. Bilete syner Uskedal Musikklag, ein fast aktør på Stemneplassen.

Uskedal Musikklag er på plass. Dei framfører sitt program i to avdelingar. Tore med bassen, Tore Nordahl-Pedersen, er eit nytt innslag for mange. Han syng solo og kompar seg sjølv på el-bass. Det er alltid sett av litt tid til leikar. Premien er deltaking i vedlotteriet. Allsong høyrer alltid med.

Bilete syner frammøte for to år sidan. Kan vi venta meir folk i år ?

Då har du sjansen fram til tysdag og tida for trekking av vedlotteriet å gje di støtte til arbeidet på Stemneplassen. Bruk VIPPS: 605565 eller Bankkonto: 3460.07.53659. Innsatsen er minst kr. 100,-. Vinnarsjansen aukar for kvar hundrelapp. 1. pr: 20 sekker ved. 2. pr: 10 sekker ved. 3. pr: 5 sekker ved.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal