Den 4. boka i Uskedalsserien er sendt til trykkeriet.
I går blei siste hand på eit nytt verk lagt frå skriftstyret i Uskedal historielag og Åslaug Snilstveit i Salikat Design. Då blei nemleg bok 4 i serien “Den nære fortida” sendt til trykkeriet, LOS Digital AS i Larvik. Dette blir femte boka frå laget som no har eksistert i 4,5 år. Bildet over viser omslaget på boka.

Både skriftstyret og grafikar er godt nøgde med produktet dei sender frå seg. Det er ei interessann og innhaldsrik bok med om lag 175 svært fine, kjekke og interessante bilde. Det er god variasjon i innhaldet. Her er det noko for alle sin smak. Boka blir lansert på boksleppet i Helgheim laurdag 7. november.
Interessa for boka er tydelegvis stor. Førehandsalget av boka er alt godt i gang, og godt over 100 bøker er alt “ute”. Fram til 15. oktober kan den kjøpast til kampanjepris på 250 kroner. Etter det blir prisen 300. Betalande medlemmer får ei bok til medlemspris 200 kr.
Elles er restopplaget av bok 2 og 3 no lagt ut til tilbodspris på 200 kroner, medan vi også sel utvandrarboka “Med von om ei betre framtid” til 450 kroner.
Dei som ønskjer det, kan også støtta laget med medlemskontigent på 200 kr. Det gjev fordeler som rimelegare bøker og gratis inngang på arangement.
Alle kjøp kan gjerast ved å betala med vipps til nr. 76 38 03 eller til konto 3207.37.52026. Om ein ønskjer å betala kontant, kan ein kontakta ein i skriftstyret. Dei som vil ha boka/bøker tilsendt, må betala 90 kr ekstra.
Ved betaling er det viktig å skriva nøyaktig kva betalinga gjeld (bok nr …, medlemskontigent ….). Dei som skal ha boka tilsendt, må hugsa fullstendig namn og adresse og telefonnummer.

På tampen nemner vi at det blir eit svært kjekt føredrag 12. oktober i Gamleskulen. Då kjem røldølen Reidar Johan Sandal og snakkar om “Minner frå eit stølsliv”. Reidar er lett og ledig i stilen, og han krydrar det faglege med ein god dose tilhøyrande humor. Noko å gle seg til, og vi kjem tilbake med nærare omtale. Det blir gratis for medlemmene, medan andre heilt sikkert ikkje kjem til å angra på hundrelappen dei må vippsa.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland Foto: Grenda og Thor Inge Døssland