
Demesaksjonen gav eit resultat på over kr. 22.000,-.
18 bøsser og innsamlarar i 18 roder. Det er det som må til for å få til ei vellukka innsamling i Uskedalen. Helselaget sviktar ikkje. Lokale innsamlingar er ein viktig del av Nasjonalforneningen for folkehelsen sitt arbeid. Uskedal helselag gjennomfører årleg demensaksjonen. Så langt er det kome inn over kr. 15.000,- i kontantar og på VIPPS er summen kr. 7.050,-. Den totale summen vil auka når alt er på plass. Uskedal helselag takkar for velvilje og god støtte. Bilete syner to av bøsseberarane, klar for utkøyring og innsamling i tildelt rode.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal