Den årlege demensaksjonen i regi av Nasjonalforeningen for folkehelsen er gjennomøført med 21 bøsseberarar og eit resultat over kr. 33.000,-. Etter eit år med berre digital innsamling er ein no tilbake med dør til dør aksjon, slik det har vore i alle år. Innsamlingsområde er delt inn i 15 ruter. Då er ei bøsse på SPAR teken med i talet. Nytt i år er at ei rute i Herøysundet er også tel med. Det vert gjort fordi Uskedal Helselag har medlemer frå Herøysundet.

Marit Hjønnevåg var ein av mange bøsseberarar – her frå innsamlinga i Beinavikjo.

Styreleiar i Uskedal Helselag, Eli Roseth Eik, fortel at 21 bøsser/bøsseberarar var i aksjon. Det kom inn kr. 33.500,- i kontanter og Vipps. Sjølvsagt kan det endå koma litt til Vipps. Helselaget rettar ei hjarteleg takk til alle, både bøsseberarar og gjevarar, for god hjelp og ei stor gåve til Demensaksjonen 2021.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal