I over 20 har Nasjonalforeningen for folkehelsen hatt aksjon for å samla inn pengar til demensforsking. Uskedal Helselag har i alle desse åra vore ein viktig arrangør lokalt med å stilla med bøsseberarar. I år vert det dør til dør innsamling slik det har vore alle år, bortsett frå i fjor då demensaksjonen berre gjekk digitalt. Dersom ein vil bruka Vipps- og kontonummer, er det heilt i orden. Om lag 80 000 menneske har demens i Noreg. Talet vert dobla innan dei neste tiåra. Det hastar med å knekka demenskoden. Då treng ein pengar til forsking for å lukkast med å finna ulike behandlingsformer.


Tema for forskinga kan vera:

  • Å finna årsaka til ulike demenssjukdomar. Ein veit enno lite om årsak, anten det kjem av arv, levevanar eller andre sjukdomar som kan føra til demens.
  • Diagnostisering for å finna rett medisin tidleg i behandlinga.
  • Førebygging.
  • Sjukdomsmekanismar i hjernen og finna kva faktorar som kan påverkast av medisin.

  • Dei siste åra har det lokalt i Uskedalen vorte samla inn kring kr. 25.000,-
    No er bøssberarane på plass att måndag 20. september frå kl. 17.00.
    VIPPS: 501209 eller overføring til konto: 3460.20.50108.
    Hugs: Merk demens.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Henta frå plakaten til Demensaksjonen