Det var konfirmantpresentasjon i Uskedal kyrkje i dag, i gudstenesta som vert kalla haustens påskedag. Talet er 11 og opplæringa tek til alt i morgon. Fram til konfirmasjonen laurdag 28. april 2024 skal dei læra, oppleva og få vera med på mykje av den Den norske Kyrkja står for. Konfirmantleir høyrer med. Det same gjer Fasteaksjonen, ei innsamling for å hjelpa fattige land med reint vatn. Konfirmantane har frammøteplikt på nokre av gudstenestene og det er høve til å hjelpa til i liturgien og elles i ulike programkveldar i kyrkja. Sokneprest i Uskedalen er Kjetil Kringlebotten. Konfirmantopplæringa vert gjennomført i samarbeid med andre sokner i Kvinnherad Prestegjeld. Les namna under:

  • Ailo Mathias Lægland Eira
  • Angelica Koløy
  • Ebba Hermann-Fossli
  • Frøy Sæle
  • Håvard Myklebust
  • Katrine Øvstebø
  • Kaylah Stensletten
  • Leif Framnes-Thoresen
  • Martine Myklebust
  • Signe Katrine Koløy
  • Trym Sæle

Konfirmantane fekk i gåve kvar sin bibel og Kristus krans. Singing Tweens var med i gudstensta med song, leia av Nelly Kjærland, Trude Skogtun og Rebekka Attramadal. 4, 5 og 6 åringane fekk bok.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal