Trass dårleg ver var alt som normalt på den tradisjonsrike og årlege friluftsgudstenesta i Vågen på Skorpo. Vertskap er Ole Kristoffer og Annbjørg Vågen, Ole Kristoffer som skysskar og systera Annbjørg som klokkar og ansvarleg for kykjekaffi og heimebakst. På kjøkkenet har ho med seg sumargjester og slekt. Ikkje nok med det. Nils Rainer står for vakker musikk til inngang- og utgang.

Gudstenesta var grunna dårleg ver innadørs på låven.

Det var i sokneprest Tor Øystein Holm si tenestetid på 1990 talet ein tok til med friluftsgudsteneste på Skorpo, fyrst oppe i tunet hos Johannes Hauge, seinare i Vågen i tunet eller på låven hos Ole Kristoffer. Mange faste gjester møter fram, både hyttefolk og gjester frå fastlandet. Cort Holtermann frå Utåker ein fast gjest, slik også i år. Han har ikkje talet på kor mange gonger han har vore med til Skorpo, men det er truleg over 20 gonger.

Det kyrkjemuikalske ansvaret hadde f.v. Reidar Algerøy og Nils Rainer S. Vågen.

Preiketeksten var henta frå Lukas kap. 19, då tollaren og den rike Sakkeus møtte Jesus. Møte endra livet hans.. I talen sin la Kjetil Kringlebotten inn solosong, Aeterna Christi munera, ein Sunniva hymne frå 1100 talet. Handlinga går tilbake til St. Sunniva på Selja.

Organist i dag var Reidar Algerøy. Offergåva gjekk til kyrkjelydsarbeidet i Uskedal sokn.

Annbjørg Vågen opnar opp heimen sin for kyrkjekaffi med heimebakst.

Neste gudstenste i Uskedalen er sundag 4. august, då med Kjersti Brakestad Boge som prest.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal