Bortsett frå song på vindkraftmarkering er det over to år sidan Røysterett for Alle stod fram med song. Det var på julekonserten 2019. Endeleg var tida klar for konsert med gjesteartistar, åreesal og allsong. Eit godt frammøte og god stemning gjorde sitt til at kvelden vart eit løft i ei elles uroleg og krevjande tid i Europa. Då høver det godt med vårsongar, viser og populærmusikk framført med ein inspirerande musikalsk leiar, Maria Malmsten, og eit glitrande komp av Frode Kaldestad. Songelevane frå kulturskulen, Avrora Zimina og Julian Skaale Staveteig, var prikken over i` en. Dei framførte tre songar kvar, på ein meisterleg og trygg måte. Læraren deira er Maria Malmsten.

Maria Malmsten med songelevane Avrora Zimina og Julian Skaale Staveteig.

Danse mot vår av Rolf Løvland vart kveldens hit, framført to gonger, den siste gongen med Frode Kaldestad ved pianoet. Hellbillies Den finaste eg veit er alltid eit got val. Skal det vera svensk visesong, kjem vi ikkje utanom visekunstnaren Ole Adolphsson, denne gongen med visa Nu har jag fått den jag vil ha. I tillegg var det innslag alt frå mellomaldersongar til låtar av The Beatles.

Avrora song mellom anna Love is all around med sjølvlaga dansesteg.

I kveld talde koret 23 songarar. Nokre hadde dårleg hals og sat på benken. Med alle på plass har koret i underkant av 30 medlemer. Det neste store oppdraget er om to veker, Solidaritetskonserten Ukraina i våre hjarto, i Aktivitetshuset torsdag 21. april kl. 19.00.

Så må vi ikkje gløyma allsongen leia av husorkesteret, kalla Strenge Menn for dette høve. Haldor Tveit ( trekkspel ), Tore Nordahl-Pedersen ( bass ) og Svein Rimestad ( gitar ).

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal
Julian song både på engelsk og italiensk. Her: All my loving av John Lennon/ Paul Mc Cartney.