Nyttårsdansen i Helgheim var vellukka på alle måtar. Eit 50 tals dansarar frå mange bygder i Sunnhordland synte danseglede og alle var aktive på golvet. Dansebandet TRINITY med eit variert repetoar har evne til å skapa dansefesten der trivelsfaktoren er høg. Komiteen med Ragna Volden i spissen var vertsskap og sytte for kaffi og kaker. Det var frammøte frå Langevåg på Bømlo i sør til Norheimsund i nord. Mange kom i bubil, også frå andre bygder i Kvinnherad. Ved midnatt var det nedteljing til kl. 24.00 og alle kunne ynskja kvarandre GODT NYTT ÅR. Det er lenge sidan det har vore nyttårsdans i Helgheim. Vi må faktisk heilt tilbake til 1980 talet for å finna nyttårdans på programmet til ungdomslaget. TRINITY og dansegjengen skal ha ros for gjenskapinga. Alle ser fram til ny feiring om eit år.

TRINITY er eit godt val for ein nyttårsdans.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal