50 gjester var samla til dans i Helgheim på nyttårsafta. Malvin og Ragna Volden saman med gode medhjelparar er arrangør. Det er tredje året Helgheim vert brukt til dette føremålet. TRNITY spelar god dansemusikk og alt frå fyrste melodi er dei glade dansarane på golvet. Ved inngangen til nytt år er alle samla i stor ring. Det er samstemt nedteljing og god stemning i det alle kan sei GODT NYTT ÅR. Nyttårsdansen i Uskedal samlar gjester frå heile Kvinnherad og frå nærliggjande nabokommunar. Nokre kjem i bubil til Uskedalen og brukar helga i bygda. Andre bur på Rabben Feriesenter. For dei som ikkje var der. Ikkje fortvil. Ny nyttårsdans i Helgheim om eit år.

Det var stor aktivitet på dansegolvet, frå fyrste til siste melodi.
TRINITY spelar god dansemusikk, eit repetoar folk likar.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal