Natt til laurdag måte eit fjellvand par, 21- 22 år, overnatta i Ulvanoso. Det som var tenkt å vera ein dagstur, vart til ein to dagars tur. Å ta seg fram i snøen gjorde at turen tok lengre tid enn planlagd. Paret hadde med mat og utstyr for ei natt høgt til fjells. Difor vart det vurdert slik at det ikkje var trong for berging.

Vest Politidistrikt hadde kontakt med fjellgåarane heile tida. Laurdag i kl. 14.30 tida vart det meldt frå om at den fjellvande mannen og kvinna tok seg ned til bygda sjølve, og dermed ikkje trong hjelp. Dei gjorde alt rett: Hadde utstyr med og melde frå.

Det er Grenda som skriv dette i tysdagsavisa i denne veka.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal