Uskedalen.no hadde eit lite innlegg tidlegare om manglande vedlikehald og stell ved infotavla til Elveeigarlaget på Haugland. No er det kome nytt bord, rett nok lånt av Festidalen inntil vidare. Steinar Haugland skriv at det har vore vanskleg å få tak i nytt bord no i sommar. Difor er det lån til så lenge. Nytt bord kjem. Han likar det Møyfrid Kristoffersen gjer med rydding og pynting. Han fortel vidare at til hausten kjem det toalett på innsida av brua. Møyfrid og uskedalen.no vil med dette gje dagens ros til Steinar for det arbeidet han gjer med plassen og område rundt.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Privat