7. juni er ein nasjonal flaggdag. Her kjem to spørsmål som krev rette svar for å oppnå premie: 1. Kvifor er 7. juni ein offisiell flaggdag 2. Så langt vi kjenner til er det berre ein person i Uskedalen som markerer denne dagen med flaggheising.Personen treng ikkje bu i Uskedalen på heilårsbasis. Kven er det ? Den fyrste som svarar rett på begge spørsmåla, kan venta seg ei vakker bok i gåve. Send svar til redaksjonen: uskedalen.no@gmail.com.Vi gjer merksam på at bilete ikkje har noko med personen eller plassen å gjera. Personen sin nære familie har ikkje høve til vera med i quizen. Flagget er synleg fram til flagget skal ned ved solnedgang, seinast kl. 21.00.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal