Dagens gladnyhet: Det blir framleis thaimat i Uskedalen.
Etter om lag 10 års drift av thaivogna har Pornthip Pomngern og ektemann Ivar Nesse sytt for at thaimat er blitt svært populært i Uskedalen, – både blant fastbuande og tilreisande. Då dei to no valde å avslutta drifta av helsemessige årsaker, var mange spente på om det framleis ville bli muligheter for å kjøpa velsmakande thaimat her.
No kan vi komma med gledesmeldinga om at det gode tilbodet vil halda fram. Phakapun Instagarw og mannen hennar Asle Kvittingen vil overta drifta, og dei kjem til å opna rett etter påske. Paret er no busett i Samnanger, men dei kjem til å flytta til Uskedalen. Derfor er dei interessert i å komma i kontakt med folk som har leilighet evt. hus til leige.
I dag var Phakaphun i gang med å planta og pynta rundt vogna saman med Pornthip. Dermed teiknar alt til at det framleis vil vera like fint og velstelt rundt vogna som det alltid har vore. Dei travle damene hadde likevel tid til ein kjapp prat med uskedalen.no. Pornthip kunne fortelja at det hadde meldt seg fleire interessentar til å driva vogna vidare, men ho var svært fornøgd med valget dei hadde landa på. Ho var sikker på at kundane skulle få kjøpt den same velsmakande thaimaten. Som ei ekstra kvalitetsikring skulle ho ha opplæring med dei nye drivarane før opninga etter påske.
Phakapun Instagarw har erfaring frå matlaging, men ikkje denne form for drift. Ho har jobba for Bama i Arna der ho mellom anna har laga lunsjpakkar.
Vi ønskjer Phakapun og Asle velkomne til Uskedalen. Vi veit at dette blir sett pris på både av fastbuande og mange tilreisande. Og så er det ekstra kjekt at dei vil busetja seg i denne vakre bygda!
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland