Cd'en til Bjørn Moe er til salgs på Spar Uskedalen.
Bjørn Moe sitt debutalbum “Angel Number Seven” har fått ei strålande mottaking. Superlativa har vore mange i dei gode tilbakemeldingane, og songane hans har blitt svært mykje spela. Bjørn Moe hadde nyleg to release-konsertar, – i Odda og på Madam Felle i Bergen. Begge stader var det stinn brakke og topp stemning med alle tilgjengelege billettar utselde.
Sjølv om mange nyttar seg Spotify og andre strømmetenester for tida, er det noko eige med Cd’ar. Derfor er albumet til Bjørn Moe også utgitt på CD. Denne er mellom anna å få kjøpt på Spar Uskedalen som opnar etter ombyggingsstenginga igjen i morgon, fredag.
Tekst og nett: Thor Inge Døssland Foto: Mokka Design