Byggservice AS ligg best i løypa for å få arbeidet med utbetring av Børnes tømmerkai.
Byggservice AS ligg best an til å bli tildelt arbeidet med utbetring av Børneset Tømmerkai. Dagleg leiar i verksemda er Eli Klyve frå Uskedalen. Kommunestyret skal godkjenna finansieringsplanen før kontrakten vert underskriven. Byggservice kan syna til over 30 års erfaring innan bransjen. Verksemda har spesialisert seg på alle typar arbeid innan betong, som kaiar, forretningsbygg, offentlege bygg, minikraftverk og betongdemningar. Arbeidet kan ta til i sommar. Byggservice er også nr. 1 til arbeidet med både Årsnes kai og Gjetningsdalen kai.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal