Liv Astrid Myhre som står bak den populære bygdakafèen i Gamleskulen, er blitt sjuk, og dermed må kafèen som skulle ha vore komande torsdag avlysast. På menyen denne gongen stod kyllingsuppe med ostekake til dessert. Liv Astrid lovar å koma sterkt tilbake så fort ho er frisk. Den gode krema kyllingsuppa hennar skal vi heldigvis ikkje gå glipp av. Den kjem ho til i servera i samband med kunstutstillinga med dei to utflytte uskedelingane Gaute Haugland og Kjell Musland i Gamleskulen neste helg, lørdag 18. og søndag 19. mars.
Vi kjem tilbake med førehandsmelding og meir informasjon om denne kjekke og spennande utstillinga med desse to dyktige kunstnarane.

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland