Det var særs god oppslutnad då Liv Astrid Myhre saman med dei gode hjelparane Anne Bjelland, Trond Fosshaug og Kirsten Tveit inviterte til bygdakafè i Gamleskulen i samarbeid med Uskedal Utvikling i dag. Ja, eg er frista til å kalla frammøtet enormt. Kjekt var det også å registrera gjester frå nabobygdene. Dei kom i alle fall frå heile strekningen frå Rosendal til Sunde. Kafèen var kort sagt ein knallsuksess. Alle gjestene let vel og ville komma tilbake neste gong. Maten var nydeleg, og den sosiale ramma var topp. Gjestene tok seg god tid rundt middagsborda, drøsen gjekk godt og det var ingen tvil om at alle kosa seg og sette stor pris på tiltaket.

Mange ville ha den gode suppa og resten av godsakene!

På menyen på dette første kafèarrangementet stod særdeles velsmakande betasuppe etterfulgt av den nydelegaste karamellpudding til dessert. Etterpå kunne ein nyta både kaffi og kaker. Alt til svært så hyggeleg pris!! Ikkje rart mange sat lenge rundt borda og nytte stunda!

Med det store innrykket er eg forundra over at vertskapet hadde mat til alle.
– Jau, det gjekk heilt fint! Det heldt akkurat. Eg auste opp den siste tallerken med suppe klokka halv seks, og då var det gått ut ca. 120 porsjonar inkludert påfyll til 70-80 gjester, fortel ei svært så fornøgd Liv Astrid Myhre eit par timar etter stengetid som var kl. 18. Ho seier at ho er svært glad for frammøtet, og for alle dei gode tilbakemeldingane ho hadde fått.
– Eg likar dette, og har jo tenkt på å gjera det lenge. Då er det ekstra kjekt at det blir så vellukka, seier ho og lovar ny middagskafè om ein månads tid.
– Eg håpar at vi kan ha det ein gong i månaden. Neste gong blir det ikkje betasuppe, men ein annan meny. Kva det blir, har eg ikkje bestemt heilt enno, fortel ho om framtidsplanane, og svært mange blir nok glade når dei les at dette ikkje var eit eingongstilfelle.

Veldig kjekt og koseleg!
Desse kosa seg før storinnrykket kom. I bakgrunnen ser vi ei av heltane på kjøkkenet, Kirsten Tveit, som har tid til ein liten pause.

Eg gler meg saman med mange andre og utropar Liv Astrid Myhre, Anne Bjelland, Kirsten Tveit og Trond Fosshaug til dagens heltar i Uskedalen.

Tekst, foto og nett:  Thor Inge Døssland